Det starta i Vest- Telemark prosti i 1985. I Aust-Nedenes prosti har Per Emanuelsen arbeidd som prostidiakon dei siste fire åra. Mellom desse to pioneroppgåvene tok han på seg å være prostidiakon i Otredal. Søndag 13. mai vart det i Tvedestrand kyrkje markert at eit spesielt arbeidsliv er over.
Per Emanuelsen har hatt spesielle evner som ein kreativ og nyskapande diakon.
Ingen trudde at slike stillingar kunne fungere. Men det har synt seg at denne måten og arbeidsmetodikken, grunnleggande utarbeidd av Per Emanuelsen, har fungera så godt at det etter kvart har blitt fleire slike stillingar. Tre av dei i Agder og Telemark bispedømme, som altså alle er starta av Per Emanuelsen. Og kvar einaste gong har det blitt faste stillingar av det.
Det var mange gode ord til ein trufast diakon i Tvedestrand. Mange blomar, helsing frå prosten og eit oliventre frå diakonirådgjevaren i Agder og Telemark, Erling Jakobsen. Frå Diakonforbundet fekk han Maltesarkross med vigslingsdatoen.
Per Emanuelsen vart vigsla av biskop Bergan i Nissedal kyrkje 10. januar i 1985. Den 16. mai fyller han 67 år. Den siste tenesta han har i Aust Nedenes prosti er å "avspasere" gjennom prostiet. Starten går frå Holt kyrkje den 12. juni.