Ein varmare stad å bu

I 25 år har ein delt ut Diakoniprisen for Vest-Telemark. Prisen går til personar, lag eller organisajonar som lever etter denne visjonen: Å gjera Vest-Telemark til ein varmare stad å bu!

Foto: Olav Johre

Årets pris gjekk til Kakeringen i Åmot i Vinje. Prisen vart delt under Diakonisamlinga på Dalen 8.april og vart feira ilag med både biskop Stein Reinertsen og generalsekretær i Kirkens Bymisjon Adelheid Firing Hvambsal (bildet t.h.).

 I grunngjevinga for prisen heiter det:

Her vert alle folk ønskt varmt velkomne. Her møter ein ofte venlege ord og mange smil. Dette er ein stad der folk kan kjenne at dei er verdt noko. Det ser ut til å gjelde anten ein står bak disken eller nyttar staden som gjester.

Personalets inkluderande veremåte gjer at mange kjenner at dette er kaféen deira. Gjennom dei siste ti åra er skapt ein sosial møtestad her. Gjennom bevisst arbeid med kvalitet på bakverk og mat, men  ikkje minst personalet sin inkluderande måte å møte gjestene på, kjenner ein seg velkomen her.

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"