Kyrkja i Telemark på Dyrskuet

I dag opnar kronprins Håkon Magnus og kronprinsesse Mette-Marit Dyrskuet i Seljord. Kyrkja er på plass med prost, diakon og Kirkens Nødhjelp.

Kyrkja i Telemark på Dyrskuet

Med utskore treskilt med påskrifta "Kyrkja i Vest-Telemark" heldt dei til på ein stand midt i folkehavet. I løpet av helga ventast det oppimot 100.000 menneske på Dyrskueplassen i hjarta av Telemark. Og sidan kyrkja vil vere der folk (og fe) er, let dei ikkje sjansen gå frå seg.

- Prost Asgeir Sele (t.v. på biletet) har teke med seg heile kontoret sitt hit. Det vil seie datamaskina, telefonen og sofaen. Vi kjem i prat med mange. Det er både kjekt og viktig å vere her, seier prostidiakon i Vest-Telemark, Eilev Erikstein (t.h. på biletet).  Her kan folk bestille både dåp og bryllaup, og dei kan snakke om store spørsmål i livet.

Roald Guttormsen frå Kirkens Nødhjelp fokuserer på reint vatn og rein energi, og har med seg solcellepanel og informasjon om korleis ein kan hjelpe folk til å få vatn og straum i den tredje verda.

Dyrskuet i Seljord jubilerer med 150 år i år, og har difor storfin vitjing av dei kongelege.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"