Kyrkja i "indre Agders perle" er 200 år

Eiken kyrkje ligg idyllisk til på Kyrkjeneset i nordenden av innsjøen Lygne, og har i 200 år vore viktig i høgtid, glede og sorg for eikdølane. Søndag 2. september feirar dei jubileet i bygda som vert kalla "perla i Indre Agder". Biskop Stein Reinertsen vert med på feiringa.

Kyrkja i "indre Agders perle" er 200 år

På heimesida til Eiken kyrkjelyd vert kyrkja si viktige stilling i bygda gjennom to sekel omtala på denne måten:

- Eiken kyrkje står plassert sentralt i bygda – kvitmalt og med spiret peikande mot himmelen – nett slik mange meiner at ei kyrkje skal sjå ut. Svært mange viktige hendingar i einskildmenneske sine liv har funne stad nettopp i denne bygningen. Svært mange menneske som bur i Eiken i dag, har eit sterkt forhold til denne gamle kyrkja. Derfor er det truleg rett å seie at kyrkjejubileet er eit jubileum ikkje bare for dei som står innskrivne i kyrkjelyden, men for heile bygda

-Men i dag som for 200 år sidan er kyrkja mykje meir enn bygningen. Kyrkja er livet som har si kjelde hos Han som er kyrkja sin Herre. Her har menneske blitt – og blir – nært av Guds ord. Her har mange menneske kome til tru – og her har dei tatt avskjed med denne verda – i tru på Han som dei her lærte å kjenne, står det blant anna på heimesida.

Eiken kyrkje er ei krosskyrkje fra 1818 og har i dag 300 sitjeplassar.  Kyrkja vart reis som eit storstilt samarbeidsprosjekt mellom vanlege bygdefolk, dyktige lokale handverkarar og finsnikkarar. Då kyrkja vart bygd, var Noreg eit fattig land der naudsåra med barkebrød og svolt nettopp var tilbakelagt. Kyrkjebygget er difor ei påminning om den historiske utviklinga, samstundes som ho representerer ein sterk kontinuitet i bygda..

Litt om programmet for feiringa søndag 2. september

Kl. 11: Festgudsteneste i Eiken kyrkje.  Biskop Stein Reinertsen, Prost Geirulf Grødem, tidl. Kapellan Stein Ødegård, Sogneprest Bernt Rune Sandrib. Kor Eiken. Brit Skoland, orgel, og Oddbjørn Stakkeland, trompet.

Etter gudstenesta – ca. kl. 13: Festmåltid «i floren» til Jon Tveiten – like over veien for kyrkja. Helsingar, bl.a . ved ordfører Margrethe Handeland. «Taffelmusikk» ved Felegruppa. Sal av jubileumspublikasjon.

Ca. kl. 16: Gospelkonsert i kyrkja. Norwegian Gospel Singers og Jentene MariEmilieSiljeLineSofie.

Vil du vite meir om kyrja si historie, klikk på lenka under.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"