Kyrkeverje Ingunn Birkeland og soknerådsleiar Vigdis Finseth kunne stolt vise fram den nye praktboka for forsamlinga i det vakre kyrkjerommet. Grindheim kyrkje med sitt gjennomdekorerte interiør og boka i seg sjølv er kunstskattar som verkeleg var verdt ei høgtidssam markering. Sidan 1783 har den kvitmala og krossforma kyrkja vore midtpunktet i bygda Byremo i Audnedal.
Den lokale og namngjetne malaren og dekoratøren Tore A. Risøyne frå Fjotland var meisteren bak dei overdådige rosemaleria og bileta i kyrkja. Dette arbeidet gjorde han og sveinane hans i 1791, og dei gjorde det grundig. Nær sagt alle flater utanom golvet er dekorerte. I taket er det fleire bibelske motiv, og på veggar og benkedører er det rosemåleri, akantusrankar, tulipanar og andre former – tydeleg inspirert av barokkens ideal.
"Dei gamle krøllan" overmalt
Men som så mange andre stader vart bileta og dekorasjonane etter ei tid malt over. Haldninga til fargar og figurar endra seg utover på 1800-talet etter kvart som lekmannsrørsla og pietismen bredde om seg. I to etappar i siste halvdel av 1800-talet vart alt mala over med vanleg veggmaling. Verken skapinga eller Jesu siste måltid med læresveinane skulle få tale til kyrkjelyden frå takmaleria, kun Bibelens og prestens ord.
Då ein restaureringskonsulent frå Riksantikvaren var innom Grindheim kyrkje i 1919, reagerte han på dette og skreiv følgjande i eit notat: «Det er en enestående råhet man har tillat sig ovenfor det staselige kirkerum, da det stod med alle sine farver og dekorationer.»
Resultatet var at det også vaks fram eit lokalt engasjement for å få fram att dekorasjonane, eller «dei gamle krøllan» som nokon uttrykte det i bygda. I 1941 var kyrkjerommet restaurert til sin gamle prakt.
Appellerer til unge og gamle
Boka som no er gjeve ut er førd i pennen av Frans-Arne Stylegard, tidlegare fylkeskonservator i Vest-Agder. Dei flotte og detaljerte fotografia er tekne av Anne Rakel Haaland, ein lokal fotograf. Frå Agder og Telemark bispedømekontor har kulturrådgjevar Tone Klev Furnes vore konsulent. Då boka vart lansert var det stort oppmøte frå engasjerte bygdefolk trass i at arrangementet var halde midt i ferietida. I tillegg kom det helsingar frå ordføraren, Audnedal historielag, bispedømekontoret og tidlegare sokneprest Olav Lehne.
Kyrkjeverje Ingunn Birkeland sa at utgangspunktet for boka var eit ønskje om å sjå på historia med nye auge. Boka er laga slik at ho skal appellere til både unge og gamle. Maleria frå bibelhistoria er til dømes både talande, fargeglade og morosame.
-Boka skal vere ei grundig innføring i den kunstnariske utsmykkinga og samstundes marknadsføre kyrkja vår som ein stad det er verdt å sjå. Boka og kyrkja vil òg vere pedagogiske ressursar for skulane, poengterte kyrkjeverje Ingunn Birkeland.
Meir informasjon om boka her.