Det er diakon i Vest-Telemark, Eilev Erikstein som står bak denne vandringa saman med Arendal fengsel avdeling Fyresdal. Erikstein var i tillegg leier for «Å vandre med håp», ei pilegrimsvandring for menneske med psykiske utfordringar. Denne vandringa vart arrangert for ellevte gong, og 45 menneske nådde fram til den gamle stavkyrkja i Røldal 24. august. Mange hadde då vore på vandring i fem dagar.
Tidlegare på sommaren var Erikstein også med en gruppe på 30 tilknytta Korsvei-rørsla som gjekk frå Edland til Røldal 1.-5. juli. Og frå Åmot gjekk det ei gruppe på 15 vandrarar med ei meir lokal tilknyting på same tidspunkt.
-Leggje røynsler bak oss
Då Vandring mot fridom starta 18. september, var det sjette gong innsette i Arendal fengsel avd. Kleivgrend i Fyresdal har vore på pilegrimsvandring til Røldal. Vandringa er ei samarbeid mellom betjent Harald Hervik frå fengselet og diakonen i Vest- Telemark.
Harald Hervik meiner det er veldig positivt med slike vandringar. Det bygger relasjonar som er viktig i kriminalomsorga. Så set han også pris at er stille-tid under ei pilegrimsvandring.
- Det gjev oss alle høve til å reflektere over korleis me kan ta vare på dei gode tinga, og leggje dei dårlege røynslene bak oss.
Kva er godt i livet?
Eilev Erikstein skriv dette om vandringa:
-Framom den gamle vegtunellen i Dyrskar fekk alle i oppgåve å tenke på kva som er godt i livet no, og kva ein kunne la bli att i tunellen. Tunellen har eit hol på sida som gjer at lys kjem inn. Frå taket dryp det vatn. Inni i mørket skjøna den innsette at tunnelen er eit bilde på hans nye liv: Det å kome ut i lyset.
Eg snakkar ikkje høgt om å bli født på ny, men eg tenkjer det når han etterpå kjem bort og ber om ei teneste:
"Kan du gjera slik dei gjer på småborn i kyrkja? Teikne krossmerke på meg?" Andre dagen gjekk karen fyrst heile tida. Etter vandringa sa han : ” Greitt å kome til kyrkja. Men det er tunellen med lyset inn frå sida , eg vil hugse."
Slik avsluttar Erikstein sin rapport om vandringa:
-Pilegrimsvandring handlar om å finne att noko. Noko ein hadde gløymt. Kanskje så enkelt som det å gå! Så kan ein ikkje gå utan håp. Ein går - altså vil ein leve. Går ein - er det for livet. Om det ikkje var ei framtid, ein veg for oss , ville me aldri bry oss om å gå.