Sundag 14. august vart diakon Ivar Solbu takka for heile 40 års teneste som diakon i Sauherad.
Under ei gudsteneste i Sauherad kyrkja vanka det blomar og takksame ord frå sokneråd, kyrkjeverje og prost. Solbu som no har runda 66 år, held fram i tenesta.
Frå Det Norske Diakonforbund fekk diakonen ein maltesarkross der vigslingsdatoen 1. august 1976 er skriven inn. Den datoen er det ingen andre diakonar som kan matche. Ikkje nokon har like i har like langt fartstid som diakon i Den norske kyrkja.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.