Preikekappleik og preikeverkstad

Reformasjonsbyen Bergen inviterer til preikekappleik 3. mars 2017 kl. 19. Same dag blir det også ein preikeverkstad kl. 10 - 15 for dei som vil arbeida med å fram bodskapen sin.

Preika, forkynninga av ordet, var det viktigaste for Luther, difor vil me slå eit slag for preika ved å ha ein preikekappleik og ein verkstad, seier Tore Skjæveland. Her er han sjølv i aksjon.

Preikekappleik er ein uhøgtidleg økumenisk preikekonkurranse i Luthers ånd, fredag 3. mars kl 19-21 på Østre i Skostredet 3.
Målet er å kåra dagens beste tre-minuttars preike.

Det vert ein jury av ikkje-prestar som skal bedømma om predikanten når ut og fram - Ut med ein klar bodskap og fram til tilhøyraren med nærvær og engasjement. Det vert to omgangar, eit innleiingsheat og ein finale. Fyrste omgang er ei tre-minuttars preike med tema: Nåde. I finaleomgangen skal ein ta utgangspunkt i bibelteksten for påskedag - Luk 24,1-9.

Verkstad - Nå ut med bodskapen!
Fredag føremiddag kl 10-15 vert det verkstad om forkynning i Johanneskirkens kapell.
Verkstaden er både dei som skal vera med på kappleiken om kvelden og andre som vil arbeida med si eiga formidling. Tema: Korleis nå ut.

Det vert øvingar, gruppearbeid og individuell rettleiing, inspirasjon frå Luther og retorikken, om stemmebruk og kroppsspråk. Ta med ein treminuttars preiketekst, gjerne den du skal bruka om kvelden.

Ansvarlege for teoribolkar og øvingar er: Amund Ove Børdahl som underviser i retorikk og praktisk argumentasjon på Universitetet i Bergen, Informasjonsrådgjevar med master i kommunikasjon Jens Z. Meyer og kyrkjefagsjef med master i retorikk og formidling Tore Skjæveland.

Program

09:30 - 10:00 Intro / kaffi, te, frukt

10:00 - 11:30 Fyrste økt: Innhald

  • Retorikk – å gje innhaldet form og effekt
  • Luthersk retorikk – kva kan me læra av Luthers preikepraksis?
  • Øving/respons/samtale

11:30 - 12:00 lunsj (Gratis, akkurat som nåden!)

12:00 - 13:20 Andre økt: Nå fram til tilhøyraren

  • Tilhøyraren
  • Retoriske tips (særleg om innleiing og avslutning)
  • Øving/respons/samtale

13:30 - 14:50 Tredje økt: Nærvær

  • Framføring (actio) med heile kroppen
  • Slik blir du klar - Stemmetrening, oppvarmingsøvingar
  • Praktiske tale- og presentasjonsøvingar med din tekst (3 min nåde/påskepreike)

15:00 Slutt

Bli med!
Ver med å setja den gode preika på dagsorden! Særleg velkomen til predikantar utanfor den norske kyrkja.

Hovudansvarleg for verkstaden er kyrkjefagsjef Tore Skjæveland.

FULLTEIKNA - PÅMELDINGAR NO GÅR TIL VENTELISTE.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"