Arbeidsgjevar er ansvarleg for at krava til helse, miljø og tryggleik er ivaretekne på arbeidsplassen. Sjå arbeidsmiljølova (aml.) §§ 2-1 og 3-1, samt kyrkjelova (kl.) § 14.
Arbeidsmulijøutvalet (AMU) for rettssubjektet Den norske kyrkja (rDNK) vedtok i møte 03.04.17 sak 5/2017 organisering av vernearbeidet i rDNK. Organiseringa er tredelt.
Alle tilsette i heile verksemda utgjer eit felles område og har eit sentralt arbeidsmiljøutval (AMU) og eit sentralt hovudverneombod.
Innanfor kvart bispedøme er det så nedset eit regionalt arbeidsmiljøutval (RAMU) og kvart bispedøme har sitt eige regionale hovudverneombod for alle tilsette. RAMU bør bestå av tre representantar utpeikt av arbeidsgjevar, ein tillitsvalt frå prestetenesta, ein tillitsvalt frå dei kontoransatte, samt hovudverneombod.
Innanfor kvart prosti og for bispedømekontoret er det til slutt utpeikt eit lokalt verneombod som forheld seg til arbeidsgjevar ved prost/stiftsdirektør.
Regionalt arbeidsmiljøutval i Bjørgvin bispedøme:
Marit Isaksen Espedalen (hovudverneombod)
Sverre Johan Nærheim (verneombod v/bispedømekontoret)
Aage Mjeldheim (Presteforeningen)
Ragnhild Jepsen (biskop)
Therese Nesse Mokkelbost (HR-sjef)
Jan Ove Fjelltveit (stiftsdirektør)
For meir informasjon om arbeidet med HMT i Bjørgvin, sjå HMT-handboka.
Regionalt arbeidsmiljøutval i Bjørgvin bispedøme
Regionalt arbeidsmiljøutval (RAMU) i Bjørgvin bispedøme skal vera eit effektivt samarbeidsorgan og pådrivar for arbeidsmiljøet til beste for kyrkja og dei tilsette.