Det er nulltoleranse for vold og seksuelle krenkingar i Den norske kyrkja.
Bjørgvin bispedøme arbeider difor stadig med å forhindre at slike handlingar skjer hos oss. Om eit overgrep skjer, har vi rutinar for å avdekke og melde ifrå.
Ressurssenteret VAKE
Lurer du på om du er utsett? Er du bekymra for nokon? Har du eller nokon du veit om opplevd seksuelle overgrep eller grensekrenkingar frå ein tilsett eller frivillig medarbeidar i kyrkjeleg samanheng? Treng du å tenkje høgt om korleis du kan handtere ei sak? Hos ressurssenteret VAKE (tidlegare Kirkens ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep) er det låg terskel for å ta kontakt. VAKE har god kompetanse på overgrepsproblematikk, og dette er også ein møte- og samtalestad for kvinner og menn som har vore utsett for seksuelle overgrep eller grensekrenkingar. I tillegg er VAKE ein kompetansestad for Den norske kyrkja.
Nasjonal vegleiingsordning
VAKE har i samarbeid med Den norske kyrkja etablert ei nasjonal vegleiingsordning beståande av eit vegleiingsteam. Vegleiingsordninga kan nyttast til å vurdere situasjonen og avklare handlingsalternativ for den utsette og for arbeidsgjevar, eller til å følgje opp den utsette gjennom handteringa av saka og bistå arbeidsgjevar i å ta vare på den utsette på best mogleg måte. Ved spørsmål, i handteringssaker og ved bekymring, kan ein kontakte det nasjonale vegleiingsteamet direkte. Arbeidsgjevarar vert oppmoda til å kontakte ressurssenteret sitt sekretariat eller nytta kontaktskjema framfor å kontakte vegleiingsteamet direkte.
Kontaktinfo:
Telefon: 23 22 79 30, E-post
ADAM (tilbod for menn)