Temakveld med biskopen: Peace - Cross of Nails
Praktisk informasjon
Dato:21.11.2024
Tid:19.00
Stad:Bergen Domkirke
Arrangør:Bjørgvin bispedøme, Bjørgvin kirkeakademi og Bergen domkirke
Fred er tema for den siste kvelden i ei rekkje på seks der biskopen i møte med gjester har sett på kvar av «Guds fire døtre», rettferd, sanning, miskunn og fred. Bergen domkirke, 21. november kl. 19.00. Innlegg og samtalar denne kvelden blir på engelsk.
Gjestene er domprosten i Coventry, The Very Revererend John Witcombe og lagmann, dr. juris Hanne Sophie Greve.
Innlegg og samtale med biskopen om «Fred og forsoning etter væpna konflikt» i ramma av det internasjonale fellesskapet «Cross of nails» som har sitt opphav i Coventry cathedral og som Bergen domkirke også er medlem av.
Kvelden blir avrunda med utdrag frå Draumkvedet ved songar Berit Opheim. Dette markerer avslutninga på årets temakveldar.