Temakveld med biskopen: Rett og rettferd
Praktisk informasjon
Frå:31.10.2024 - kl.19.00
Til:31.10.2024 - kl.20.30
Stad:Bergen domkirke
Arrangør:Bjørgvin bispedøme i samarbeid med Bjørgvin kirkeakademi og Bergen domkirke
Rett og rettferd
Gjest: Professor Paul Otto Brunstad
Rettferd – ei av Guds fire døtre:
Det gode livet, den menneskelege lukka, kan berre realiserast i rammene av eit større fellesskap, difor er rettferd ei heilt avgjerande dygd. Den flyttar merksemda frå eigeninteressa til den andre sitt beste. Augustin hevar med styrke at eit samfunn som ikkje utøver rettferd, på sikt heller ikkje kan bestå.
Rettferd er ikkje ein teori eller ein abstrakt idé, men blir utøvd i det konkrete kvardagslivet. Skal rettferd utøvast, må ho likevel først innøvast. Det gjer rettferd til ein sentral dimensjon alt pedagogisk arbeid. Dette er noko av det Paul Otto Brunstad vil sjå nærare på i sitt innlegg.
Brunstad er kjend som ein god formidlar som ikkje let deg gå heim utan å ha fått noko å grunna på.
Inngang: 100,- kr. Vipps: 90786
Temakveldane er ein del av Landslovjubileet i Vestland som er eit samarbeid mellom: Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Universitet i Bergen, Bymuseet, Statsforvaltaren i Vestland, Den norske kyrkja, Høgskolen på Vestlandet og 1000-årsjubiléet til Moster.
Temakveldane er i tillegg støtta økonomisk av Bergens Riksmålsforening