Størst auke i landet på gudstenester
Det har vore eit klart mål i mange kyrkjelydar å koma tilbake til fysiske samlingar. Bjørgvin er saman med to andre bispedøme dei som har hatt størst auke i talet på gudstenester frå året før, med 10 prosent auke. Talet på deltakarar har auka med ni prosent, det er flest i landet. Målt mot «normalåret» 2019, ligg ein framleis åtte prosent bak i talet på gudstenester, medan deltakinga er heile 52 % under den gongen. – Dette viser at ein har vore flink til å opna opp for gudstenester igjen etter stengte periodar og at folk kjem tilbake til gudstenestene. Det er vanskeleg å peika på sikre grunnar, men prostane, som er prestane sine næraste leiarar i kvart prosti, viser til to forhold; tilsette som sto på og snudde seg rundt etter som restriksjonane endra seg og at ein hadde fleire dåpsgudstenester, skriv Bjørgvin bispedøme i årsrapporten sin.
Fleire bryllup
Etter eit år då mange måtte avlysa planlagde bryllaup, er det no fleire som giftar seg i kyrkja, 596 par i Bjørgvin.
Stabil konfirmasjon
Konfirmasjonane vart dei fleste stader flytta frå våren til hausten, men delen konfirmerte av døypte 15-åringar har halde seg på 86 % i 2021, det er det same som i 2020. Å gjennomføra konfirmasjonsundervisninga har vore ei stor utfordring, men bispedømet har prøva å bøta på dette ved å senda eit team av unge rundt til ein del kyrkjelydar for å ha aktivitetsdag med konfirmantane. Om lag 3000 konfirmantar, dvs. 60 % av konfirmantane, fekk oppleva eit slikt tilbod.
Mange dåpsgudstenester
Det har blitt halde mange gudstenester med dåp og det er auke både i talet på døypte og på delen døypte av fødde i høve til 2020. Tala er likevel litt lågare enn tala for 2019, då vart 59 % av alle fødde i Bjørgvin døypte, i 2021 var det 54 %. Kor stor del av kyrkja sine medlemer som døyper borna sine, finst det ikkje statistikk for enno.
Trusopplæringa for born ulike aldrar har i 2021 kunna gje fleire tilbod enn året før, men oppmøteprosenten er ein liten tanke lågare, i snitt er den redusert frå 52 % til 50 %.
Gravferd
Nesten ni av 10 døde, vert gravlagde etter Den norske kyrkja sin seremoni. Tal på kyrkjeleg gravferd i prosent av døde, viser ein liten tilbakegang på frå 87,9 til 87,6 %, dvs. at med om lag 16 kyrkjelege gravferder til i 2021, ville ein ha halde seg på same nivå som i 2020.
Samfunnsansvar
– Medlemsundersøkinga som vart gjennomført i 2021 understrekar at medlemmane i det store og heile er nøgde med kyrkja si, og med dei tenestene dei får i ulike møtepunkt. Kyrkja har på linje med andre tatt stort samfunnsansvar ved å følgje solidarisk opp om smittevernsrestriksjonane. Det har gjort at ein har redusert aktivitet og at det vil ta tid å innarbeide nye vanar med tanke på gudstenestedeltaking og ikkje minst barne- og ungdomsarbeid, heiter det i årsrapporten. Det vert peika på at ein, som i resten av samfunnet, har ein jobb å gjera for å legga til rette for frivillig innsats i inneverande år. Dette er då også ei av satsingane i bispedømet i 2023.
Statistikk frå kvart sokn
Årsrapporten frå Bjørgvin bispedøme byggjer på fleire viktige kjelder:
- Kvart sokn sender i januar inn ei rekkje tal frå eiga verksemd til Statistisk sentralbyrå (SSB). Desse tala blir ikkje offentleggjort som endelege tal før i juni, men den 15. mars offentleggjorde SSB dei tala som har kome inn. Dette er mellombels tal, erfaring viser at det kan vera nokre manglar og feil som ein prøver å retta opp før endelege tal kjem i juni.
- Den norske kyrkja sitt eige medlemsregister.
- Den norske kyrkja sitt eige rapportsystem og årsrapportsamtalar knytt til trusopplæringa.
- Rapportar frå prostane.