Frivillig teneste er eit hovudtema for fleire av arrangementa som står på programmet i vår. Det blir blant anna inspirasjonssamling for inkluderingsarbeidet, leiarkonferanse, og stiftsdagar for alle i juni. Biskopen har planar om heile seks visitasar før sommaren dette siste året han er i teneste. Det er også planlagt to arrangement i serien "På troen løs".
Oppdatert kalender finn du her på nettsidene våre.
Den trykte Stiftskalenderen (sjå lenke nedst på sida) er sendt i posten til kyrkjekontora.