Som medlem og seinare leiar i bispedømerådet (2012-2019) viste Inger Helene eit stort engasjement for kyrkja i Bjørgvin, og ho var lyttande og levande oppteken av kyrkjelivet i heile bispedømet. Ho kjende eit særleg ansvar for at prestane, som bispedømerådet hadde arbeidsgjevaransvar for, hadde gode rammer å arbeida innanfor. Dette kom m.a. til uttrykk i arbeidsmiljøundersøkinga som vart gitt ut i boka: "Jeg er jo ikke Jesus heller! - arbeidsmiljø og utbrenthet blant norske prester" frå 2008 der ho var medforfattar.
Leiarstilen hennar var vennleg og inkluderande, prega av ein grundig sakkunnskap og eit blikk for at alle stemmer måtte få komma til orde. Ho kunne ofte ha klare standpunkt sjølv, men var på same tid alltid oppteken av å fungera som ein brubyggjar mellom ulike grupper i kyrkja.
Ho var også med i pilegrimsutvalet i bispedømet og oppteken av kystpilegrimsleia og det lokale pilegrimsarbeidet både på Kinn, Selja og i Røldal. Inger Helene var leiar for Livsmestringssenteret på Skei og i sitt profesjonelle virke arbeidde ho tett med menneske i ulike livssituasjonar. Kunnskapen frå dette arbeidet prega hennar kloke og varme måte å vera på. Ho var open, inkluderande og raus i måten sin å møta menneske på, og det prega også måten ho møtte ulike større og mindre saksutfordringar på. Ho var løysingsorientert og positiv, og ho fekk stor tillit hos dei som møtte henne.
Alle me som fekk arbeida saman med Inger Helen i bispedømet merka kjærleiken hennar til menneske, til kyrkja og til kyrkja sin Herre. Ho var varmt interessert og til stades i det som gjekk føre seg. Det var alltid godt å vera saman med Inger Helene, og mange i Bjørgvin bispedøme vil sakna henne.
Det er i djup takksemd og vørdnad at me lyser fred og signing over Inger Helene sitt gode minne.
Bjørgvin biskop og bispedømeråd
Jan Ove Fjelltveit, stiftsdirektør