Samtale med biskopen om den vanskelege søstera

Paul Otto Brunstad skal snakke om rettferd på temakveld med biskopen 31. oktober. Han meiner rettferd er den vanskelegaste av dei fire guddomelege søstrene. Arrangementet blir halde, sjølv om det har vore ein dag med uvanleg mykje regn.

Paul Otto Brunstad skal snakke om rettferd

– Rettferd er veldig tvetydig. Det legg grunnlaget for noko av det beste vi kan ha oss menneske imellom, der vi blomstrar og har det godt, men det kan og føre til det verste blant oss menneske. Rettferd kan utløyse utruleg mykje øydeleggjande kraft som kan øydeleggje sjølv dei beste fellesskapa, hevdar Brunstad.

Professoren deltek på ein temakveld i ein serie som tek utgangspunkt i dei fire guddomelege søstrene, Rettferd, Miskunn, Sanning og Fred. Desse var sentrale i Magnus Lagabøte si landslov, og har difor vore løfta fram i jubileumsåret for landslova i år. Nokre av dei tidlegare temakveldane kan du sjå i opptak. Du finn lenker lenger nede på sida.

Vanskeleg tema

Etter at Brunstad har teke publikum inn i kloke tankar rundt omgrepet rettferd denne oktoberkvelden, vil han og biskop Ragnhild ha ei samtale om temaet. Kva han skal førelese om temaet rettferd, er ikkje Brunstad heilt sikker på ei veke før temakvelden.

– Jo meir eg har jobba med omgrepet og tematikken, jo vanskelegare viser det seg å vere. Så eg er spent, og eg kjem til å kome på torsdag for å høyre kva eg har å seie om den saka, seier han med eit blunk.

Siste temakveld i november

Siste temakveld i år kjem 21. november. Den blir på engelsk og har tittelen "Peace - Cross of Nails". Gjestar då er Lagmann, dr. juris Hannes Sophie Greve og Dean of Coventry - The Very Reverend John Witcombe.

 

Temakveldane blir arrangert av Bjørgvin bispedøme, saman med Bjørgvin kirkeakademi og Bergen domkirke. Dei er ein del av Landslovsjubileet i Vestland som er eit samarbeid mellom: 

Logorekke landslovsjubileet i Vestland som er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Bymuseet, Høgskulen på Vestlandet, Bjørgvin bispedøme, Moster 2024, Bergen kommune, Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune.

Temakveldane er i tillegg støtta økonomisk av Bergens Riksmålsforening.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"