Fellesskap og inspirasjon for ungdom

Alle ungdommar som høyrer til ei kyrkje i Bjørgvin bispedøme, er velkomne på ungdomleiarkonferansen Vegkryss i august.

Fellesskap og inspirasjon for ungdom

Vegkryss er ei helg som skal bygge fellesskap, gi påfyll og inspirasjon, skape engasjement og knytte vennskap på tvers av ungdomsarbeidet i dei ulike sokna. Her får ein oppleve å vere ein del av noko større og møte andre ungdommar som er med i kristent ungdomsarbeid.

Knapp for påmelding Vegkryss

KVA ER VEGKRYSS?

Vegkryss er ein ungdomsleiarkonferanse for alle ungdommar som høyrer til ei kyrkje eller kyrkjelyd i Bjørgvin bispedøme. Ønsket er å gi ungdomsleiarar og ungdom som vil engasjere seg, påfyll, inspirasjon og høve til å bygge nettverk med andre ungdommar og ungdomsarbeid. Det er Bjørgvin bispedømeråd som står bak arrangementet.

KVEN ER VEGKRYSS FOR?

Vegkryss er for alle som er med som ungdomsleiarar, eller som vil engasjere seg i ungdomsarbeidet. Hovudmålgruppa er vidaregåande skule og oppover. Anten ein driv eit stort eller lite ungdomsarbeid, og anten kyrkjelyden har mange ulike tilbod eller berre eitt, er ungdommar frå kyrkja hjarteleg velkomne! Ungdommane kan enten melda seg på sjølve, eller ta kontakt med ein tilsett i kyrkjelyden som tar seg av påmeldinga.
Plakat for Vegkryss med bilde av ungdom og med tekst som ein finn igjen på denne nettsida
Denne plakaten finn du som pdf nedst på sida. Skriv gjerne ut og heng opp!

KVA SKJER PÅ VEGKRYSS?

Ønsket med vegkryss er å skape arenaer for både påfyll og nettverksbygging. Vi i Bjørgvin bispedøme vil gi ungdomsleiarar ressursar som dei kan ta med seg tilbake til arbeidet sitt. Vi ønsker å skape relasjonar mellom dei som driv ungdomsarbeid ulike stader, og styrke relasjonane mellom deltakarane på Vegkryss gjennom artig program, workshops og gode måltid. Vi vil også saman rette fokuset mot Jesus, og den ressursen Gud er i arbeidet vårt.

FOKUS: INSPIRASJON

Vi ønsker å ha fokus på å inspirere unge til vidare drift av ungdomsarbeidet. Å vere ungdom kan vere krevjande, og det arbeidet kyrkja gjer er utruleg viktig, og har stor verdi for dei ungdommane vi får treffe gjennom konfirmantarbeid og anna ungdomsarbeid. Vi ønsker å bruke tid denne helga på å inspirere til å stå i teneste, tore å tenke nytt og å tenke stort om den jobben ein gjer.

FOKUS: ENGASJEMENT

Vi ønsker å skape engasjement rundt det å jobba med ungdom. Ofte kan det verke håplaust, nytteslaust eller strevsamt å skulle drive ungdomsarbeid, og i periodar er det tungt å dra lasset og vanskeleg å nå inn. Engasjement er viktig for å drive eit arbeid framover, og målet er å finna ei gneist i oss alle, og lære oss å bruke dei gåvene vi har til å skapa eit levande og brennande ungdomsarbeid.

FOKUS: NETTVERKSBYGGING

Ofte kan ein kjenna seg åleine i det arbeidet ein driv. Ein veit ikkje kva ein skal gjere, eller korleis ein skal løyse ting. Då er det godt å kjenne andre som driv med det same. Vi kan lære av kvarandre, gi kvarandre nye idear og inspirasjon, og samarbeide på tvers av kyrkjelydar og kommunegrenser. Derfor blir det denne helga fokus på å bygge nettverk og skape nye relasjonar med andre ungdomsleiarar.

NÅR ER VEGKRYSS?

Vegkryss er helga 23. - 25. august - Set av datoen allereie no!


Knapp for påmelding Vegkryss

 

Fem bilete av ungdom

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"