Bjørgvin bispedøme har som mål å senda ein container til Cuba før jul.
Les her korleis du kan gje pengar
Bakgrunn
Bispedømerådet gjorde 1.juni 2021 vedtak om å gå inn i eit venskapssamarbeid med den lutherske kyrkja Iglesia Evangelica Unida (IEU) på Cuba, saman med Normisjon som har samarbeidd med den kyrkja i over 20 år.
I oktober gav bispedømerådet ei startgåve på 150.000 kroner.
- 30.000 brukt til del av medisinsk hjelpesending på 1.6 tonn
- 42.000 brukt til støtte løner etc i perioden oktober-desember
- Noko går til kyrkjelydsplanting i bydel i Havanna
I tillegg har det kome inn vel 30.000 kroner i einskildgåver etter at prosjektet vart presentert på Stiftsmøtet i november, og vel fire tusen kroner i kyrkjeoffer.
Det er viktig å støtte prosjekt som kan skape framtidige inntekter lokalt, t.d. kyrkjelydsbarnehagar. Det er mange initiativ i kyrkja.
Kva rekk kronene til?
- 100 dollar (ca 1000 kr) er pastorløn i ein månad. Ti personar som gjev 100 kr/mnd finansierer løn til ein pastor eller diakon i vår venskapskyrkja vår.
- Bispedømet og Normisjon har mål om å kjøpe inn mat, hygieneartiklar og noko medisinsk utstyr for minst 100.000 kroner og sende i ei hjelpesending i desember, saman med brukte klede/syklar/symaskinar og andre ting ein ikkje får tak i på Cuba. Ein tredjepart betalar leige av konteinar og frakt til Cuba, slik at pengane vi samlar inn, går til innhaldet i sendinga.
Slik kan du gje pengar
- Gje på Vipps 96005 eller konto 1503.02.13537 (Normisjon). Merk gåva «prosjektnummer 351002».
- For skattefrådrag på individuelle gåver på Vipps: Skriv mobilnummeret ditt i tillegg til prosjektnummer.
- For månadleg gjevarteneste til Cuba på Vipps eller avtalegiro, fyll ut det elektroniske skjemaet. Det kan òg brukast for individuelle gåver