Diakoni i Bjørgvin

Guds hjarte bankar for verda. Gjennom sine medarbeidarar på jorda – du og eg – har Den treeinige Gud eit ønskje om å kunne vise si kjærleik, omsorg og engasjement for ein betre verd for alle. Gud har og eit ønskje om dialog med deg og meg. Dette vert kalla diakoni.

Innsamlingsaksjon i Fjaler. Foto: Knut Arne Kummeneje

Diakoni er med andre ord ei teneste for medmennesket og skaparverket og ei teneste for Gud – lokalt og globalt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd.

Du kan vere med å gjere ein skilnad.  Vil du?

Om diakonen

For å synleggjere og bære det diakonale oppdraget saman med den lokale og globale kyrkjelyden, er diakoner særleg vigsla til å leie omsorgsarbeidet i kyrkja. Diakonen har eit særleg fagleg ansvar og er leiar av eige arbeid. Diakonen har sin identitet i kyrkja, og arbeider for menneskers beste i lokalmiljøet, ofte i samarbeid med offentlege og frivillige instansar.

Nokre kyrkjelydar vil at diakonen skal arbeide med særskilde lokale utfordringar. Eksempel på ulike profilar kan vere: 

- Ungdomsdiakoni

- Sorg og kriser

- Sjelesorg og institusjonsarbeid:

- Barn/familie/samliv:

- Fellesskapsbyggjande arbeid og nettverksarbeid:

Om din kyrkjelyd har diakon: ta kontakt med din diakon for å høyre kva du kan bidra med. Om du treng nokon å gå saman med i ei vanskeleg tid: ta da og kontakt med diakonen. Diakonen er der for deg.  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"