Om du ikkje har gått pilegrimsvandring til Røldal, kan du bli med 1. september. Då arrangerer Øvre Telemark prosti ei vandring frå Svandalsflona til Røldal. Det er ei dagsvandring på 13 kilometer. Turen går frå Svandalsflona kl. 10.30, og målet er gudsteneste i Røldal stavkyrkje kl. 16.00.
Agder og Telemark bispedøme har hatt si pilegrimssatsing knytta til Røldal og stavkyrkja der i ei 20-års periode som fleire dagars vandringar. No samarbeidar dei óg med Øvre Telemark prosti om ei dagsvandring.
Velkomen!
Meir informasjon i programmet:
ØVRE TELEMARK PROSTI ARRANGERER PILEGRIMSVANDRING FRÅ SVANDALSFLONA TIL RØLDAL SUNDAG 1. SEPTEMBER 2024 - i samarbeid med Agder og Telemark bispedøme
Har du drøymd om å kome til pilegrimskyrkja i Røldal, men enno ikkje fått høve?
No let det seg gjere.
Sundag 1. september 2024 arrangerer Øvre Telemark prosti og Agder og Telemark bispedøme ei vandring frå Svandalsflona til Røldal kyrkje. I Røldal tek kyrkjelyden imot oss med ei pilegrimsmesse.
Turen er på 13 kilometer, ein del nedoverbakke, noko opp, før ein igjen tippar ned mot pilegrimsbygda Røldal, og kyrkja med det sveittande krusifikset.
PROGRAM:
Start frå Svandalsflona kl. 10.30
Framme til gudsteneste i Røldal stavkyrjke kl. 16.00
Inga påmelding. Det er berre å møte opp ved Svandalsflona.
Ta med mat og kaffi.
ARRANGØR
Øvre Telemark prosti
Eilev Erikstein, prostidiakon, mobil: 91113580
Asger Sele, prost, mobil: 41566043
Denne artikkelen er klippa og limt frå Agder og Telemark bispedømme.