Seljumannamesse 1000 år

Seljumannamesse feirar 1000 år i år 5. - 7. juli. Det blir seglas, konferanse, konsert og gudstenester.

MS Atløy tar med kystpilegrimar til Seljumannamesse. Foto: Mikail Eldin

Seljumannamesse er ein av våre eldste kristne merkedagar, og blir feira kvart år rundt 8. juli på Selja og Kinn. Seljumannamesse er blant dei merkedagane som er nemnd i Kristenretten som St. Olav innførde på Moster i 1024, og finst i alle dei tidlege landskapslovene. Difor feirar vi no 1000 års-jubileum for Seljumannamesse i 2024.

Feiringa blir markert med ein jubileumsseglas mellom Florø, Selje, Måløy, Kalvåg og Kinn helga 5.-8. juli 2024 med veteranbåten m/s Atløy. Denne seglasen inngår som ein etappe i ein verdiseglas langs heile Kystpilegrimsleia 2024, og er også ein del av jubileumsstafetten fram mot Nasjonaljubileet Norge i 1000 år.

Det blir verdisamtalar, kulturprogram og folkefest på alle stoppestadene. I tillegg blir det arrangert keltisk pilegrimskonferanse på Fjordly fredag 5. juli kl. 17.00, laurdag blir det konsert i Selje kyrkje kl. 18.00, og det blir gudstenester både i Selje kloster og i Kinn gamle kyrkje. I Selje kloster er det gudsteneste søndag kl. 12.00 ved biskop Ragnhild, og i Kinn gamle kyrkje er gudstenesta måndag kl. 18.30. 

Henta frå seljakloster.no

 

Du finn fullt program lenger nede på sida.

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"