Kva er ein pilegrim?

Ifølge Store norske leksikon, er ein pilegrim ein person som av religiøse grunnar, reiser til ein stad som blir sett på som heilag.

Foto: Knut Magne Nesse

"I middelalderen var dei fleste pilegrimane religiøst motiverte, sjølv om eventyrlyst og andre motiv sikkert og spela inn. I dag er det mange ulike grunnar til at folk legg ut på pilegrimsvandring. Naturopplevingar og gode turvegar freistar mange, og møte med historia og andre menneske er og ein sterk motivasjon.

Pilegrimsvandringa gir og ei indre reise. Uansett tru og religiøs bakgrunn er det mange som opplever ei mental endring på turen. Det å vandre i fotspora til menneske som har gått gjennom sorg og glede, håp og fortviling, gjennom hundrevis av år, det pregar den som vågar å gå den samme vegen. Å kome frem til Nidarosdomen etter å ha vandra i dagevis er ei mektig og uforgløymeleg oppleving som pilegrimane bær med seg vidare gjennom livet."
frå pilegrimsleden.no, omsett frå bokmål

 

Vektlegging av pilegrimsarbeid er vedteke i bispedømerådet

Bjørgvin bispedøme har vedteke at ein skal vektlegge pilegrimsarbeidet framover.

Ved å trykke på lenka "Referat bispedømerådsmøte 23. februar 2023" nederst på denne sida, kan du lese dette referatet, der det mellom anna står (under sak 6):

I tråd med Bjørgvin bispedøme si satsing på kunst og kultur i perioden 2021-2024, kyrkja sin hovudstrategi for åra 2022-2028, og vårt ansvar for ein av dei fire
hovudpillarane i den nasjonale pilegrimssatsinga, vil Bjørgvin bispedømeråd:
1. Styrke soknet sin kompetanse og rolle som kulturarena og forvaltar av kulturarv for alle generasjonar, med særleg vekt på pilegrim.
2. Tilrettelegge og utruste enkeltmenneske og miljø lokalt, til sjølve å innta og bruke si lokale pilegrimslei og slik naturleg kunne bidra med kyrkjeleg innhald og vere eit godt vertskap for besøkande pilegrimar.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"