Sorgmånaden oktober 2020

I oktober var sorg tema for ei rekkje samlingar i Bjørgvin bispedøme. Vi ønskjer å møta både dei som sørgjer og alle som kjenner nokon som er i sorg. Fleire arrangement er no tilgjengelege i opptak.

Sorga har mange uttrykk og rammer ulikt. Samtidig er det slik at sorga møter oss alle. Nokon gonger er det mi eiga sorg som er sterkast, andre gonger møter eg andre som sørgjer. Desse ulike andleta og uttrykka vil kyrkja i Bjørgvin løfte fram i «Sorgmånaden 2020». Foto: Unsplash

I Bergensområdet invitererte Bjørgvin bispedøme i samarbeid med lokale kyrkjelydar og organisasjonar til ulike arrangement. Arrangementa på Bergen bibliotek vart tatt opp og gjort tilgjengelege her på heimesida (sjå informasjon under kvart enkelt arrangement).

Desse arrangementa under «Sorgmånaden 2020» var opne for alle:

12. oktober kl. 18-20.30: «God å snakke med når sorgen rammer» med Karl Dag Bærug, nestleiar Kirkens SOS Bjørgvin. På Bergen offentlege bibliotek.

13. oktober kl. 18 – 21: «Tap og sorg hos mennesker med utviklingshemming» med sokneprest Roar Strømme. På Bergen offentlege bibliotek.

 

18. oktober kl. 18: «Håpsmesse i Tveit kirke» med Lars Erik Birkeland (piano), Kjell Bergsvik (saksofon) m.fl. Liturg: Sokneprest Marianne Bergsjø Gammelsæter. Diakonane deltek. Velkommen til ei messe som rommar håp midt i livets mange faser. Messa inneheld songar, musikk og samtalr knytt til håp. Bønevandring og nattverd. For meir info og praktiske opplysningar, sjå: https://kirken-askoy.no/

19. oktober kl. 18 – 21: «Sorgen det ikke sendes blomster til - omstillinger ved samlivsbrudd» med Bergen familierådgivning og tidl. generalsekretær i Kirkens familierådgivning Stein Hardeng. På Bergen offentlege bibliotek.

 

21. oktober kl. 18 – 21: «Sorg og tap av identitet når ein må flykte»

med psykolog Zemir Popovac fra psykologfellesskapet Favne, Elisabeth Harnes fra RVTS Vest m.fl. På Bergen offentlege bibliotek. For billett arrangement: https://bjorgvin-bispedome.hoopla.no/sales. Arrangementet inngår som del av FN si Internasjonale uke i Bjørgvin. For meir informasjon om Internasjonal uke; sjå: https://www.fn.no/iubergen

24. oktober kl. 11 – 14: «Hva er sorg og hva gjør den med oss? – sorgseminar» med Kristin Lødøen Hope. I Skjold kirke. Påmelding til diakon Linda Bårdsen, e-post lb878@kirken.no, Mob.483 02 448

24. - 25. oktober. K-helg for kvinner på Nesholmen leirstad, Hyen. Tema: Sorg, omsorg og omtanke. Info og påmelding (frist: 18. oktober)

27. oktober kl. 19.30: «Herre, du bor i mørket. Glimt fra Svein Ellingsens liv og diktning» med Tarald Ueland. Musikk: kantor Ivar Mæland og kyrkjemusikar Hilde Kayser Rohde. Fri entrè. Kollekt på Vipps eller ved utgangen. I Sandvikskirken, Bergen.

29. oktober kl. 19 – 21: «Gudstjeneste: Sorgens ulike ansikter». Sorg handlar om meir enn å miste nokon i dødsfall, det handlar om brotne relasjonar, tap av helse, det som ikkje vart. Med sentrumsprest Beate Iren Lerdahl, seniorrådgjevar i Kirkens bymisjon Eiel Holten, kateket Bodil Bredholt, diakon Åshild Hølleslie Frantzen, organist Vidar Eldholm og saksofonist Thomas Nøkling. For plass til arrangement: Klikk her for å registrera di deltaking

I tillegg arrangerer vi desse:

20. oktober kl. 10 – 12 «Metodeseminar: "Sorgen det ikke sendes blomster til - for gruppeledere» med tidl. generalsekretær i Kirkens familierådgivning Stein Hardeng. Stad ikkje avklart enno.

29. oktober kl. 12 – 15: «Tap og sorg hos mennesker med utviklingshemming» med sokneprest Roar Strømme. For offentleg og kyrkjeleg tilsette. I Knarvik kyrkje. For meir informasjon; sjå her
 

Førstehjelp ved sorg
Den norske kyrkja vil i månaden fram mot allehelgen 1. november gjennomføra ein kampanje på nettsider og sosiale medium med tips til korleis ein kan møta folk i sorg. "Førstehjelp ved sorg" er for alle. Kampanjen vart gjennomført for første gong i 2018. Den fekk veldig god mottaking og blir gjentatt i år.

Utdeling av lys
Kyrkjelydar i Bjørgvin kan bestilla små kartong-ark til bruk for utdeling av lys saman med brosjyren "Førstehjelp ved sorg". For bestilling, ta kontakt med diakonirådgjevar Vetle Karlsen Eide.

Arrangør

Sorgmånaden er eit samarbeid mellom Bjørgvin bispedøme, Kirkens SOS Bjørgvin, Kirkens Bymisjon Bergen og Fana prosti. I ein del arrangement, samarbeider vi og med andre, som til dømes FN si Internasjonale uke i Bjørgvin (https://www.fn.no/iubergen) og Verdensdagen for psykisk helse (https://verdensdagen.no/)

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"