Tilskot frå Den norske kyrkja til trusopplæring, diakoni og kyrkjemusikk i Bjørgvin

Nedanfor er informasjon om tildeling av tilskot til fellesråd i Den norske kyrkja ved Bjørgvin bispedøme, og informasjon om rapportering for bruk av tilskot.

Tildeling av tilskot for 2024

Bjørgvin bispedømeråd vil utbetala tilskot til fellesråda, fortløpande etter at rapport frå 2023 er levert, seinast 15.mai.

Tidleg rapportering medfører tidleg utbetaling.  

For dei fellesråda der ein mottek fleire typar tilskot skal det sendast inn ein rapport for kvar kategori.

        Diakon og Kateket: Merk med 24/00044

        Trusopplæring: Merk med 24/00045

Rapportane skal sendast til: bjoergvin.bdr@kyrkja.no

Rekneskapsrapport for 2024 midlane

Rekneskap for den tildelte summen for 2024 skal verta innrapport til bispedømet så snart som mogeleg i 2025, men seinast innan 15. mai 2025. Viss det er særskilde revisormerknader, ber vi om at dei vert sende  i nummererte brev til bispedømerådet, så snart dei måtte liggja føre.  

Tidleg rapportering medfører tidleg utbetaling.

Rekneskapen for del 1, Diakonar og Kateketar skal rapporterast på fastlagt skjema

Merk med 24/00044

Rekneskapen for del 2: Trusopplæring skal rapporterast på fastlagt skjema

Merk med 24/00045

Excelversjoner av skjema ligg nedst på denne sida og her: Tilskuddsforvaltning (frå Kirkens intranett)

 

DEL  1 - Tilskot til diakonstillingar, kateketstillingar og kyrkjemusikk i Bergen domkyrkje

Tilskot til diakon – og kateketstillingar er regulert av tenesteordningar og kvalifikasjonskrav for diakon og kateket. Full tildeling legg til grunn at det er vigsla diakon eller kateket i stillinga.

Om det ikkje melder seg søkjarar som oppfyll kvalifikasjonskrava, kan bispedømerådet, for stillingar med finansiering frå bispedømerådet/ kyrkjerådet, etter søknad, godkjenne at stillingane midlertidig vert gjort om til ei stilling innan diakoni eller undervisning. I slike tilfelle kan tilskotet verta redusert med inntil 20 %. Tenesteordninga for kateket og diakon slår fast: «Eit vilkår for vidare tilskot er at arbeidstilhøva vert  tilrettelagd slik at den tilsette får anledning til vidareutdanning for å kvalifisere seg for vigsling» Ved ny utlysing skal krava i tenesteordningane gjelda, eller ein må  søkje på nytt om midlertidig omgjering. Bispedømet forutset at fellesråda til ein kvar tid held bispedømet oppdatert med kven som er tilsette i stillingane, og deira kvalifikasjonar. 

For 2024 har vi følgjande tak på tilskota

A: Diakon    Inntil 50% Refusjonsgrad    

Diakon: Inntil  kr. 400.000,-

Diakoniarbeidar: Inntil  kr 360 000,- (reduksjon på 10 % av tilskot - forutset relevant bachelorgrad)

Diakonimedarbeidar : Inntil kr 320 0000 (reduksjon på 20 % av tilskot diakon)  

B: KATEKETAR

Kateket: kr 780 000,-

Kyrkjelydspedagog: kr 702 000

 C: Kyrkjemusikk 

Tilskot til kyrkjemusikalsk arbeid ved Bergen domkyrkje vert vidareført med kr 160000

------------

Mindreforbruk/unytta tilskotsmidlar til diakon – og kateketstillingar, går tilbake til bispedømet for vidare fordeling innan føremålet.  

DEL  2 – Tilskot til trusopplæring

Tildeling av øyremerkte midlar til trusopplæring i kyrkjelydar i Bjørgvin bispedøme i Den norske kyrkja. Tildelinga har ei auke på 3,9 prosent, som er årets ramme frå kyrkjerådet. 

Bispedømerådet tildeler fellesråd midlar til gjennomføring av trusopplæring for aldersgruppa 0-18 år i alle kyrkjelydar, innanfor fellesrådsområdet for 2024 i følgje vedlagte oversikt, i tråd med lokale planar.

Heile tilskotet for 2024 blir utbetalt, med eit eventuelt frådrag, etter avrekning av unytta midlar frå 2023.

Tilskotet fellesrådet no får tildelt til trusopplæring er basert på tildelingane som blei avtalt for kvar kyrkjelyd/samarbeidande kyrkjelydar i gjennomføringsfasen.

Fellesrådet si forvaltning av midlane

Vi viser til godkjenningsbrev frå biskopen, godkjende lokale planar for trusopplæring i kyrkjelydane innafor fellesrådsområdet, dei oppretta stillingane, tidlegare avtalar og vedtak frå gjennomføringsfasen og Forskrift om økonomiforvaltning i sokn i Den norske kirke av 01.01.2021. Tildelinga blir gitt til kyrkjeleg fellesråd etter § 17 i kyrkjeordning for Den norske kyrkja.

Målet er gjennomføring av ei systematisk og samanhangande trusopplæring for alle innanfor fellesrådsområdet i alderen 0-18 år, uavhengig av funksjonsevne. Godkjende lokale planar for trusopplæring i fellesrådsområdet skal vere førande for bruken av tilskotet. Planen for trusopplæring, vedteken av Kyrkjemøtet 2009, er ein retningsgjevande plan for trusopplæringsarbeidet i den einskilde kyrkjelyden. Soknerådet er ansvarleg for lokale planar, ref. § 12 i kyrkjeordning for Den norske kyrkja. Tilskotet er gitt for å styrkje trusopplæringa for barn og unge, og skal nyttast til personalutgifter, driftsmidlar, inkludert aktivitetsrelaterte utgifter, samt utgifter til kurs, informasjonsarbeid, opplæring og administrasjon.

Vilkår for tildeling

Kyrkjeleg fellesråd skal:

1.    Leggje til rette for at det blir utarbeidd lokale planar for trusopplæring for alle døypte mellom 0-18 år i alle kyrkjelydar i fellesrådsområdet, i samsvar med § 12 i kyrkjeordning for Den norske kyrkja.

2.    Finne gode samhandlingsmåtar med sokneråda til beste for gjennomføring av godkjende lokale planar. Dette skal vere i tråd med ansvar og oppgåver slik dei er skildra i kyrkjeordninga.

3.    Sørgje for at personalressursar og midlar til tilskot blir disponerte på ein måte som medverkar til at det blir gitt eit tilbod om trusopplæring i alle kyrkjelydar i tråd med vedtekne lokale planar

4.    som valt organ vedta eit samla budsjett for midlane som kjem som tilskot frå Kyrkjerådet. Budsjettet skal mellom anna fordele midlane på personalkostnadar og midlar til drift. Fellesrådet skal òg vedta kor stor del av midlane til drift som kan disponerast av kvart sokn.

5.    Føre rekneskap for tilskotet til trusopplæring og tilhøyrande utgifter. Rekneskapen må førast på eigen kostnadsstad/prosjekt pr. sokn slik at eigna rapportar kan takast ut. I dei tilfelle der sokneråda fører rekneskapen for driftsmidla, skal desse førast på ein eigen kostnadsstad og soknerådet skal rapportere til fellesrådet på bruken av midlane, slik at fellesrådet kan sende eit totalt oversyn til bispedømerådet over korleis tilskotet er nytta. Til saman skal dette gje oversyn over korleis heile tilskotet til trusopplæring frå bispedømerådet er nytta.

6.    Sørgje for at rapportering av rekneskap og aktivitet blir følgt opp i samsvar med fastsette fristar og rutinar.

Framtidige tilskot til formålet er avhengig av ei vidareføring av tildeling frå departementet.

Rapportering

Rekneskap for den tildelte summen for 2024 skal innrapporterast til bispedømet så snart som mogeleg i 2025, men seinast innan 15. mai 2025. Viss det er særskilde revisormerknader, ber vi om at dei vert sende  i nummererte brev til bispedømerådet, så snart dei måtte liggja føre.

Tidleg rapportering medfører tidleg utbetaling, etter 1.mars

Som det står i innleienga skal rekneskapen  rapporterast på fastlagt skjema, sjå vedlegg

Sendast til bjoergvin.bdr@kyrkja.no 

Rapport for gjennomførte tiltak og vurdering av status for kyrkjelyden si trusopplæring i 2024 skal leverast innan 15. januar 2025 ved hjelp av det digitale planverktøyet for trusopplæring, https://trosopplaring.kirken.no/

Oversyn over kvar einskild tildeling til fellesråda, samt excel rapporteringskjema vert fortløpande lagde ut her : 

https://www.kirken.no/nn-NO/bispedommer/bjorgvin-bispedome/tema/tilskot-fra-DNK/

 

Unytta midlar trusopplæring

Ved underforbruk/vakanse har fellesrådet høve til å omdisponere midlar mellom budsjettpostane. Endringane skal drøftast med dei kyrkjelydane det vedkjem. Større endringar skal berre skje etter avtale med bispedømerådet.

For 2025 vil unytta midlar i 2024, på inntil fem prosent av totalt tildelt sum til fellesrådet, automatisk bli overført til neste budsjettår. Desse skal verta plassert i eit bunde fond. Det er ikkje høve til å akkumulere mindreforbruk over fleire år som utgjer meir enn fem prosent av fjorårets tildeling.  

Unytta midlar over fem prosent av total tildelt sum går automatisk til frådrag i neste års løyving og blir forvalta av bispedømerådet til trusopplæring i bispedømet. For tilskotsmottakarar med låg tildeling er grensa 20.000 kr, sjølv om det er meir enn fem prosent av tildelinga.

Tilgang til kontroll og moglege sanksjonar

Bispedømerådet og/eller Felles økonomieining kan gjennomføre naudsynt kontroll av at dei tildelte midlane blir nytta etter føresetnadene i dette tildelingsbrevet. Dersom

det i ettertid viser seg at tilskotet ikkje er nytta til det gitte formålet, kan bispedømerådet krevje deler eller heile summen betalt tilbake.

 Bjørgvin bispedømekontor 15. februar 2024

 Jan Ove Fjelltveit, stiftsdirektør

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"