Opplæring i kristen tru har kyrkja alltid drive med, men skulen har også hatt ei viktig rolle i formidling av tru. I skulen gir ein framleis kristendomsundervising, men undervisinga skal ikkje vere til tru. Difor har Stortinget vedteke å flytte opplæringa til tru frå skulen til kyrkja. Det er stipulert til 315 timar med trusopplæring kvart døypte barn skal få fram til fylte 18 år. Difor vil døypte born og unge få tilbod om ulike trusopplæringsaktivitetar årleg frå sin lokale kyrkjelyd. Tilbodet er ope for alle, og born av medlemmar får også ofte tilsendt invitasjon. Dei lokale kyrkjelydane er i ferd med å utvikle eller har utvikla ein lokal plan for dette arbeidet.
Arbeidsområder for rådgjevarar innan undervising/trusopplæring:
-
Trusopplæring 0-18 år.
-
Skule-barnehage-kyrkjesamarbeid.
-
Konfirmantarbeid.
-
Arbeid for ungdom.
-
Undervisning for vaksne.
Arbeidsoppgåver t.d.:
-
Rettleie kyrkjelydane i å lage lokale trusopplæringsplanar og rapportere på dei.
-
Årleg kontaktsamtale med alle einingane i trusopplæringa.
-
Formidle informasjon om kurs og arrangere aktuelle kurs/fagdagar/samlingar for å utruste kyrkjelydane i arbeidet med trusopplæringa.