Samtale- og undervisningsopplegg om kristenretten

TV-serien om kristenretten er eit godt utgangspunkt for samtalar og oppgåver for både vaksne og ungdommar. Her finn du lenker til undervisningsopplegg og nokre presentasjonar til inspirasjon og til direkte bruk.

Frå aktivitetsheftet "Verdiar i tusen år". Illustrasjon: Egil Nyhus

 

Samtaleopplegg for unge

Opplegg for unge i konfirmantalder

Gud er alle sin ven - Kva har det å seie for menneskesynet at Gud er alle sin ven, ein vesentleg tanke i kristendomen, i motsetnad til korleis det var i norrøn tru? For filmklipp: Sjå første del av første episode. Evt. dette redigerte klippet (5:50 min.) eller dette redigerte klippet (3:45 min.) Utarbeida av rådgjevar for trusopplæring og ungdom ved Bjørgvin bispedømekontor, Torfinn Wang. 

Knapp med lenke til powerpointpresentasjonen Gud er alles venn

 

På Tingsteinen er eit opplegg om verdiar. Kva verdiar ville du løfta fram på Tingsteinen i dag? Dette er eit godt utgangspunkt for verdisamtalar med ungdom. Utarbeida av rådgjevar for trusopplæring og ungdom ved Bjørgvin bispedømekontor, Torfinn Wang.

Knapp med lenke til powerpointpresentasjonen På Tingsteinen

 

Verdisamtalar er sentrale i markeringa av landslovjubileet 2024, men kan og knyttast til jubileet for kristenretten. Dette undervisningsopplegget handlar om verdiar i samfunnet vårt. Utarbeida av Ragnhild Godal for Regionalt pilegrimssenter Smøla.

Knapp med lenke til undervisningsopplegg om verdisamtalar

røs strek uten betydning

Opplegg for vidaregåande skule-alder

Frå Kulisteinen til Christian 5’s lov er eit samtaleopplegg der vi ser nærare på kva Kulisteinen som vi møter i episode ein, kan fortelje oss i dag og den vidare utviklinga til Christian den 5’s lov. Utarbeida av lektor ved Bergen private gymnas, Joakim Stegen Tischendorf.

Knapp med lenke til powerpointpresentasjonen Kulisteinen

Sjå gjerne videoutdraget om Kulisteinen her: Videoutdrag Kulisteinen

 

Kristenretten – Noreg frå krigersk stammesamfunn til eit fredeleg europeisk land

Dette er eit opplegg for vidaregåande skule, men element kan brukast i alle målgrupper. Klipp frå TV-serien er integrert i presentasjonen. Opplegget har forankring i tverrfaglege tema “Demokrati og medborgerskap”, med lenker inn til formål, kjerneelement og kompetansemål i fleire fag. Undervisningsopplegget er laga for «Damaris skole» av Kent Andersen og tilrettelagt av Stig Tore Aaberg.

Knapp med lenke til side med undervisningsopplegg om kristenretten

 

Refleksjonsoppgåve om demokrati

Her finn du eit undervisningsopplegg om demokrati, med forslag til samtalar og ulike kreative oppgåver. Du finn og to filmklipp fra serien, på ca. tre til fem minutt, til bruk i opplegget. Utarbeida for oss av Sissel Kulild, seniorrådgjevar RKBU Vest - Regionalt kunnskapssenter for barn og unge.

Knapp med lenke til side med  to undervisningsopplegg for videregående skole

 

Refleksjonsoppgåve om makt og privilegier

Her finn du eit undervisningsopplegg om kristenretten og Noreg som ein rettstat. Opplegget har forslag til samtalar og ulike kreative oppgåver. Du finn og to filmklipp fra serien, på ca. tre til fem minutt, til bruk i opplegget. Utarbeida for oss av Sissel Kulild, seniorrådgjevar RKBU Vest - Regionalt kunnskapssenter for barn og unge.

Knapp med lenke til side med  to undervisningsopplegg for videregående skole

røs strek uten betydning

Samtaleopplegg for vaksne

Samtaleguiden (lang og kort versjon) er laga av Bjørn Are Davidsen frå tankesmia Skaperkraft. Denne kan ein bruke etter å ha sett alle episodane. Den lange versjonen går grundig inn på dei ulike temaa, medan den korte versjonen gir ein kort og konsis oppsummering med refleksjonsspørmål knytta til dei tre episodane. Opplegget er for alle, men passar kanskje best for vaksne.

Lang versjon:
Knapp med lenke til samtaleopplegg for vaksne - lang versjon

Kort versjon:
Knapp med lenke til samtaleopplegg for vaksne - kort versjon

røs strek uten betydning

Aktivitetshefte for born i 5. – 7. klasse-alder

Aktivitetsheftet "Verdiar i tusen år" er utvikla av IKO Kirkelig pedagogisk senter på oppdrag frå Moster 2024. Heftet har forslag til undervisningsopplegg om tusenårsjubileet, norsk kulturarv og kristenretten si tyding for Noregs historiske og samfunnsmessige utvikling. Opplegget er primært mynta på lærarar på mellomtrinnet, men vil enkelt kunne tilpassast andre alderstrinn. Illustrasjonane i heftet er frå Egil Nyhus og jubileumsboka 'Moster iz da thing'.

Knapp med lenke til side med aktivitetshefte for 5. - 7. trinn

røs strek uten betydning

Frittståande opplegg :

Myteknuseren

I serien tek Bjørn Are Davidsen for seg ein del myter han meiner eksisterer. Han har kledd seg ut som detektiv i Sherlock Holmes-drakt og forsøker å finne ut om dette stemmer. Desse tre myteknusarvideoane kan du bruke som utgangspunkt for samtalar:

1 Kom fornuft og vitenskap først i opplysningstiden? (vimeo.com)

2 Fikk vi ikke gode verdier før etter opplysningstiden? (vimeo.com)

3 Startskuddet for velferdssamfunnet (vimeo.com)

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"