Møtte dottera til den engelske prosten

I samband med temakveld om fred i Bergen domkirke 21. november var prosten ved katedralen i Coventry på besøk i Bergen. Saman med biskopen, hadde han eit rørande møte Gillian Vatle. Ho bur på Stord og er dotter til ein tidlegare prost i Coventry som var særs sentral i arbeidet med forsoning etter krigen.

– Dette er like stort som å møta ein kongeleg for meg, sa prosten i Coventry, John Witcombe då han møtte Gillian Vatle, dotter til ein av forgjengarane hans.

Frå katedralen, som vart bygd opp att etter bombinga under krigen, vert det framleis drive eit omfattande arbeid med forsoning gjennom fellesskapet «Cross of nails», der Bergen domkirke er medlem.

Prosten i Coventry, The Very Revererend John Witcombe, var særs glad for å møta Gillian Vatle saman med biskopen og menneskerettsjurist Hanne Sophie Greve før temakvelden der dei skulle delta.

– Far min, Bill Williams, bygde først opp både ei bomba kyrkje i Southampton og kyrkjelyden der. Det same skjedde så i Coventry, der heile byen og den store katedralen var bomba fullstendig under krigen, og der han i 1958 tok over som prost og fekk ansvaret for å fullføra oppføringa av ein ny katedral. Den stod ferdig i 1962, fortel Gillian som sjølv var 18 då familien flytta til Coventry. – Eg hugsar godt denne tida. Det var veldig spennande.  Far min var energisk oppteken av dette arbeidet, han hadde eit klart bilde av kva som var forventa av han og kva han måtte gjera. Det var på same tid ei stor belastning å ha så mykje ansvar i bygginga av ein ny katedral, og det var nesten alltid ei krise ein måtte gjennom, fortel Gillian, som særleg minnest ungdomsarbeidet knytt til forsoningsarbeidet. – Vi hadde «62-gruppa», ei ungdomsgruppe som var involvert i arbeidet rundt bygginga av kyrkja og i forsoningsarbeidet med Tyskland.  Eg var sjølv både i Dresden og Berlin. I Dresden var unge frå Coventry med på å bygga opp igjen diakonissesjukehuset som hadde blitt bomba av dei allierte under krigen.

– Kva var drivkrafta til far din?

– Det går nok tilbake til barndommen hans. Far min kom frå Sør-Afrika. Mor hans var av nederlandsk opphav. Ho vart forelska i ein engelsk soldat, og det var nok krevjande sidan engelskmennene var hata der, seier Gillian Vatle. Prost John Witcombe nikkar og vil gjerne leggja til noko han hadde lese om Bill Williams. – Han hadde kome heim frå skulen, der det var dårleg forhold mellom dei kvite og dei svarte borna. Då sa bestemora hans: «Kristne lækjer såra frå historien, det er det kristne gjer.» For meg er dette ein av dei viktige setningane som han tok med seg inn i grunnlaget for vårt arbeid med forsoning, seier Witcombe.  som ofte fortel historien om forsoningsarbeidet i Coventry.

Dei to engelske gjestene er samde i at forsoning tek lang tid og ofte møter motstand. – Etter all innsatsen med forsoningsarbeid overfor Dresden, Würtsburg og andre byar, opplevde far min ikkje berre takksemd. Det var mykje hat i England etter krigen, og han vart sterkt kritisert, ikkje minst av andre i kyrkja. Han vart tildelt ein høg tysk orden for forsoningsarbeidet, men blant anna vart han kritisert av nokon i England for å ha teke mot «blodpengar» då det kom pengegåver frå Tyskland til arbeidet som vart gjort, fortel Gillian Vatle. Far hennar tok dette tungt, men han klarte likevel å sjå tilbake på innsatsen sin utan å mista trua på at det var viktig og nytta. Han hadde sett engasjementet spre seg til mange land, kyrkjer, universitet og organisasjonar. – Fellesskapet The cross of nails er i vekst, berre dei 12 åra sidan eg vart prost i Coventry, har talet på kross som har blitt reist blant medlemer auka frå 152 til 250, seier John Witcombe.

Norgesven

Den Sør-Afrikanske presten som hamna i England, var veldig glad i Noreg. – Far min var ein tur på Island då han var student, akkurat då 2. verdskrigen starta. Han kom seg først ikkje derifrå, men etter kvart fekk dei reisa med ein båt til Noreg, og frå den dagen hadde han landet i hjarta sitt, fortel Gillian Vatle. Han fekk bygd seg eit hus i Jondal, der han drog på ferie med familien sin kvart år, og to av borna hans vart busette her i landet.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"