Bispedømerådet vedtok i møte 10. desember å søkja departementet om at Midhordland prosti vert lagt ned. No har deptartementet godkjent dette, og frå 1. mars er Midhordland prosti historie.
- Fusa sokn er lagt til Hardanger og Voss prosti
- Os sokn er lagt til Fana prosti
- Samnanger sokn er lagt til Hardanger og Voss prosti
- Austevoll sokn er lagt til Fana prosti
Frå same dato er også sokna på Osterøy (Bruvik, Gjerstad, Hamre, Haus og Hosanger) ført over frå Nordhordland prosti til Arna og Åsane prosti.
Bakgrunnen for endringane er å få ei god fordeling av dei ressursane ein har til prestetenesta og høvelege einingar for leiing og samarbeid.