Endringar i prostigrenser

Frå 1. mars er sokna i Midhordland lagt til andre prosti. Samstundes er sokna på Osterøy flytta frå Nordhordland til Arna og Åsane prosti.

Kyrkjelydane i Fusa høyrer no til Hardanger- og Voss prosti. Biletet er frå ei visitas og jubileumsgudsteneste i Fusa (Foto: Fredrik-Thorsen)

Bispedømerådet vedtok i møte 10. desember å søkja departementet om at Midhordland prosti vert lagt ned. No har deptartementet godkjent dette, og frå 1. mars er Midhordland prosti historie. 

 

  • Fusa sokn er lagt til Hardanger og Voss prosti
  • Os sokn er lagt til Fana prosti
  • Samnanger sokn er lagt til Hardanger og Voss prosti
  • Austevoll sokn er lagt til Fana prosti

 

Frå same dato er også sokna på Osterøy (Bruvik, Gjerstad, Hamre, Haus og Hosanger) ført over frå Nordhordland prosti til Arna og Åsane prosti.

Bakgrunnen for endringane er å få ei god fordeling av dei ressursane ein har til prestetenesta og høvelege einingar for leiing og samarbeid. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"