Guds fire døtre - Frå Salme 85 til Landslova av 1274
Hjem jeg lenges - ei konsertframsyning om sorg og trøyst
Hjem jeg lenges er ei konsertframsyning kor ein har kombinert tekstar av Jon Fosse med tradisjonelle gravferdssalmar frå Nord-Rogaland og Hardanger. Musikken er lydfesta og vart sleppt på plate januar 2024. Tuva Syvertsen var produsent, Bård Ingebrigtsen gjorde lydopptaka og miksa plata, Helge Sten mastra ho. Sigbjørn Apeland spelar trøorgel og syng på plata.
«Den nobelprisvinnende forfatteren Jon Fosse har skrevet dikt som bygger bro fra livet som vi kjenner det til noe annet som vi ikke helt kjenner. Da vi lagde forestillingen fikk vi ha med noen av diktene hans. Sammen med det som i eldre tider ble kalt liksalmer, forsøkte vi å sette sammen ord og toner, som kanskje kunne berøre, kunne være til hjelp for å begripe reisa over til den andre sida. Publikum kunne oppleve en trøst, kanskje, om de hadde mista noen. De kunne kjenne på savnet av eller minnene om de døde. Også de lyse minnene.»
- Mette Brantzeg, regissør for framsyninga «Hjem jeg lenges».
«Dei song dei døde ut or husa, dei gamle liksongarane. Songar som gjekk i arv frå far til son frå mellomalderen, sunge med ein villskap og fylde som kryp inn i ein frå dei arkivopptaka som finst. Ved grava song dei også. Seigt, mørkt, rivande i sjela, sørgande og stort. I same stunda med lengt og liv. Verda er mørk no, seier vi. Men det har alltid vore mørkt for menneska i verda. Og det er i slike stunder ein skal synge. Er det mørkt, syng.»
- Hilde Sandvik, programleiar av «Norsken, svensken og dansken» – og suldøl