Bli med på ein innhaldsrik tur med buss, båt og vandringar. Det blir gudstenester, tidebøner, meditasjoner, samtaler og gode måltidsfellesskap.
Frå byen ved havet dreg me inn fjordane, gjennom grøderike dalar og over høgfjellet til pilegrimsmålet. På reisa er me innom innom tre kyrkjer før me kjem fram til stavkyrkja i Røldal. Undervegs blir det korte samlingar – og tid til stillheit. Sokneprest i Sauda, Espen Gya, vil vera med som pilegrimsprest. Fast tema for desse vandringane er «helse, helhet og hellighet», og i år vil me setja dette i samanheng med naturen og Guds forhold til alt det skapte.
Turen endar i Røldal, der me er med på Pilegrimsstevne som startar fredag med konsert i kyrkja. Lørdag er me med på mellom anna pilegrimsseminar, krossvandring og midnattsmesse.
Røldal var, etter Nidaros, det mest kjende pilegrimsmålet i Norge i middelalderen. I hundrevis av år søkte pilegrimar frå fjern og nær det undergjerande krusifikset.
Velkommen med på vandring!
Meld deg på her på Utstein pilegrimsgard sine heimesider.
Her kan du lesa meir om turen: Røldal pilegrimsreise 2024