Vi søkjer ein sokneprest og prostiprest som har evner til relasjonsbyggjande og kyrkjelydsbyggjande arbeid. Soknepresten vil arbeida saman med stab og sokneråd om kyrkjeleg undervisning og gudstenesteutvikling. Som prostiprest vil det vera viktig at ein trives med kyrkjelege tenester, og har fleksibilitet og evne til å ha gode møter med folk og samarbeid med stabar ein ikkje arbeider med til dagleg.
Orre sokn ligg i Klepp kommune og Klepp kyrkjelege fellesråd. Det er forordna gudstenester annakvar sundag og i høgtidene. Orre kyrkje er frå 1950 og ligg på Pollestad. Ein har eit flott tilbygg med kyrkjelydssal, godt eigna til ulike samankomer. Kyrkja erstatta mellomalderkyrkja Orre gamle kyrkje som soknekyrkje for Orre sokn. Ho ligg nærare sjøen og vert brukt til vigsler og nokre gudstenester i året.
Staben består av dagleg leiar, prest, organist, klokkar og menighetspedagog, alle i deltidsstillingar. Alle fire sokna i Klepp samarbeider om ei diakonstilling. Soknerådet i Orre arbeidar for å styrkje aktivitetane retta mot barn og ungdom.
Kyrkjelyden har eit godt samarbeid med lokale, frivillige lag og organisasjonar, skule og barnehage.
Les heile utlysinga og søk på stillinga her.
Søknadsfrist: 9. mars.