– Denne veka har eg blitt imponert

– Så heldige de er i desse sokna! Her er fellesskap som inkluderer, tilsette som brettar opp ermane, ein skare av frivillige og mange gode tilbod til folk, sa biskopen etter visitas i Klepp, Orre og Bore sokn.

Bedriftsbesøk på eit av Noregs største gartneri, Wiig Gartneri.

Her fylgjer utdrag frå visitasforedraget, heile oppsummeringa etter visitasen kan du lesa kan du lesa her.

– Denne veka har me fått vera på innsida av livet i kyrkjelydane og i kommunen. Me har besøkt tomatgartneri på Orre, hatt møter med ordførar og kommuneleiing og blitt møtt med stor gjestfridom. Eg har vore i våtdrakt og på surfebrett med konfirmantar på Borestranda, feira kvardagsgudsteneste med torsdagstreffen, besøkt Nytt og brukt, Jæren Industripartner, vore på pilegrimsvandring til Orre gamle kyrkje og hatt samtalar med dei tilsette. Her har det vore lett å trivast. Eg har blitt fylt av takksemd for alt det gode arbeidet som skjer her, sa biskopen i visitasforedraget søndag.

Borestranden
Surfing med konfirmantane på Borestranda.

– Ein visitas er eit uttrykk for at den lokale kyrkjelyden er viktig. Me treng kyrkjer som er nær oss. Visitasen er også eit uttrykk for at kyrkja er eit stort fellesskap. Me heng saman med dei som har gått føre oss, med kvarandre på tvers av soknegrenser, på tvers av generasjonar, på tvers av ulik bakgrunn, livssituasjon og truserfaring. Som biskop kjem eg for å takka for alt godt arbeid som blir lagt ned i kyrkjelydane, for å læra og for å vera med på samtalar om vegen vidare. Eg har stor nytte av å bli godt kjent med kyrkjelydar. Denne veka har eg fleire gongar blitt imponert.

Jæren industripartner
Besøk hos Jæren industripartner.

– Trua er ei gåve til oss. Kyrkjelydane i Klepp er ei gåve til alle som bur her. Her opnar himmelen seg over livet til barn som blir døypte. Her kan barn og unge leika og synga seg vidare i eit liv i tru. Konfirmantar kan bygga relasjonar og utforska kyrkja. Ungdom kan finna gode stader å vera. Vaksne finn møteplassar, og kyrkjene har eit diakonalt arbeid som når nokon av dei som treng det mest, både synleg og meir i det skjulte. Eg håpar både vaketeneste, kvardagsvener, møte med nye i Noreg, gode verestader for ungdom, kor, torsdagstreff, vandringar, samtalar og heilage handlingar framleis vil blomstra – og bli fortalt om i kyrkjelydsblad og i sosiale media.

Nytt og brukt
Biskopen fekk ein vaffelgaffel hos Nytt og Brukt.

– Eg sit igjen med glede og takksemd etter dagane på visitas hjå dykk. Eg har møtt gode medarbeidarar, dyktige leiarar i kommunen, kreative og trufaste frivillige, grupper av tilsette der smilet sit laust og der ein står saman når løfta er tyngre. Eg har sett eit dyktig fellesråd som har god oversikt over korleis det står til med kyrkjene og bidrar til godt samarbeid mellom ulike område av kommunen.

kommunen
Møte med kommuneleiinga i Klepp.

– Så er det å sjå det – at i samlingane våre er det faktisk Gud som kjem til oss. Gud kjem i dei gode blikka, i arbeidsfellesskapet og i andaktane. I liturgien, i salmar og lovsongar, i dåpsvatn og når me opnar hendene og tek imot brød og vin. Det er noko meir i kyrkja, akkurat som det er meir med oss menneske enn det me ser. I lyset frå Gud får me oppleva oss sjølv som sett, famna og utfordra. Me er pilegrimar på vegen. Me kan vera, voksa og virka. Med nærleik til stammen ber me frukt på mange måtar.

orre gamle kyrkje
Tur til Orre gamle kyrkje ved turgruppa i Bore.

– «Det er Gud som er verksam i dykk», seier Paulus til Filipparane, ein kyrkjelyd han hadde stor glede i. Eg vil gjerne gje dei same orda vidare til dykk, så ber eg om at all gleda over å vera kyrkjelyd framleis vil skina når det blir bispevisitas i Klepp neste gong. Visitasen blir avslutta med stor takk!

gudsteneste
Felles gudsteneste i Vollhallen.

gudsteneste

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"