Heftig & frivillig med Skeiseid og Schøld

Stykket "Heftig & Frivillig" med Tor Øyvind Skeiseid og Aril Schøld tar eit skråblikk på begeistring og verv, dugnad og slitasje i den frivillige kvardagen.

Tor Øyvind Skeiseid og Aril Schøld er begge over middels engasjerte på frivillig basis. Idrettslag, kor, sundagsskule, ungdomsarbeid og all slags organisasjonsarbeid har prega deira liv. Foto: Ryfylke Livsgnist

– Kva hadde Norge vore utan den frivillige innsatsen? spør Tor Øyvind Skeiseid og Aril Schøld. Dei feirar det frivillige engasjementet med sitt spesialskrivne stykke: Heftig & frivillig. Med humor, musikk, funderingar, alvor, positivitet og ettertanke tar dei to deg med i eit skråblikk på frivilligheita sine opp- og nedturar. 

– Er du trøytt av koronatilpassa frivilligheit? Eller inspirert og glad over å få vera frivillig i kyrkja? Ja, me er forskjellige og opplever tidene ulikt. Men, at det frivillige arbeidet kan vera både givande og slitande, er det vel ingen tvil om, slår Tor Øyvind Skeiseid fast. 

Saman med Schøld turnerte han landet rundt med forestillinga "Haugespor" i fjor. No er dei klare med enno eit nytt stykke.

– Kor går forresten grensa mellom frivillig engasjement og dei tilsette i kyrkja? Kor lett eller vanskeleg er det å driva som tilsett, der ein er avhengige av frivillige for å få skuta til å flyta? Og i folkekyrkja må ein jo ha frivillige. Viss ikkje er det vel ikkje ei folkekyrkje?

Spørsmåla er mange, og svara ikkje lette. Men "Heftig & frivillig" handlar likevel om begeistring over verv, dugnad, samt slitasje i den frivillige kvardagen. Med humor, musikk, funderingar og alvor tar duoen deg med i ein kjent kvardag.

Her på Ryfylke Livsgnist sine heimesider kan du lesa meir om stykket, og bestilla Skeiseid og Schøld til ditt arrangement i frivilligheitsåret.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"