Det er dåpen som gir medlemskap i kyrkja. Viss du ynskjer å bli medlem av Den norske kyrkja, men ikkje er døypt, bør du ta kontakt med presten i kyrkjelyden der du bur.
Den norske kyrkja er ei open folkekyrkje som vender seg mot heile befolkninga: Også utmelde og andre som ikkje er medlemer i Den norske kyrkja, er velkomen til kyrkja sine gudstjeneste og andre arrangement.
No kan du logge deg inn gjennom id-porten for å sjekke om du står oppført i medlemsregisteret til Den norske kyrkja.
- Med 3,8 millionar medlemer treng kyrkja enkle og gode ordningar for å halda medlemsregisteret ajour. Derfor har Kyrkjerådet no lagt til rette for at den einskilde sjølv kan nytte bank-id eller annan elektronisk identifikasjon og rette feil direkte i databasen til medlemsregisteret. Gjennom id-porten er det opna både for innmelding i og utmelding av kyrkja, seier direktøren i Kyrkjerådet, Jens-Petter Johnsen.
For å bli registrert som medlem av Den norske kyrkja må ein vere døypt.
HER finn du spørsmål og svar om nettløysinga for inn- og utmelding.
HER finn du informasjon om medlemsskap i Den norske kyrkja, og om innmelding og utmelding.