Så godt som alle kyrkjelydane i Stavanger bispedøme deltek i fasteaksjonen, og det vert stadig sett nye innsamlingsrekordar.
Koordinator for fastekasjonen er Regionskonsulent i KN, Olav Myrstad – som er lettast å nå på mobiltelefon: 480 20 024 – eller epost: olav.myrstad@nca.no
Det er viktig at fasteaksjonen vert heile kyrkjelyden sin aksjon – og det er flott om ein kan nytte fastetida til å sette fokus på årets aksjon, og til å nytte noko av det materiellet som vert utvikla til gudstenester og anna kyrkjelydsarbeid kvart år.
Informasjon om fasteaksjonen finn du på: www.fasteaksjonen.no
Mange kyrkjelydar nyttar gudstenestene i fastetida til å sette fokus på tema som har med «Kamp for rettferd å gjere». Kirkens Nødhjelp har utvikla eit opplegg til kvar gudsteneste i fastetida med korte fortelgjingar, bøner og lystenning. Meir om dette finn du her.