Kva er Fasteaksjonen?
Fasteaksjonen er Kirkens Nødhjelp sin store innsamlingsaksjon for å samle inn pengar til menneske i naud. Kvart år er omtrent alle kyrkjelydar i Noreg med på denne store dugnaden, og tusenvis av konfirmantar gjer ein innsats for andre!
Korleis og når gjer vi dette?
Sjølve aksjonsdagen er tysdag 8.april. Konfirmantane i Ørsta sokn går denne dagen frå dør til dør og samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp. Foreldre/føresette er med som sjåførar. Aksjonen går føre seg om ettermiddagen, og byrjar med ei samling der ein får utdelt bøsse og får informasjon om kva ein skal gjere. Sjølv innsamlinga varer som regel nokre timar.
Vi kjem tilbake med meir informasjon om organiseringa av aksjone i Vartdal og Hjørundfjord sokn.
Inspirasjonssamling laurdag 5.april
Laurdagen før aksjonen, 5.april, samlast vi til inspirasjonssamling før Fasteaksjonen. Denne dagen får vi besøk frå Kirkens Nødhjelp, og får vite meir om kva pengane vi skal samle inn vert brukte til. Samlinga vert på Ørsta bedehus.
Ørsta A og Hjørundfjord: laurdag 5.april kl 12.00-13.30
Ørsta B og Vartdal: laurdag 5.april kl 1400-1530