Tidspunkt for leiren
På leiren får konfirmantane oppleve fellesskap, leik og læring. Vi legg opp til mange ulike aktivitetar og ulike måtar å lære på.
Ørsta A og Hjørundfjord reiser på leir frå laurdag 15.februar til mandag 17.februar, medan Ørsta B og Vartdal reiser på leir frå mandag 17.februar til onsdag 19.februar. Kvar leir vert avslutta med ei leirgudsteneste siste dagen.
Mange gledar seg til leir, medan nokre synes det kan vere utfordrande. Ta kontakt med oss tidleg i konfirmantåret om du har spørsmål til leiren.
Nattevakt på leir?
For å få til konfirmantleir, er vi avhengig av føresette som kan stille som nattevakter. I god tid før leiren sender vi ut førespurnad om å melde seg som dette.