Kvifor presentasjonsgudsteneste?
Vi ønskjer at konfirmantane våre skal få erfare at dei er ein viktig del av kyrkjelyden der dei bur: Dei er velkomne i kyrkja! Difor vil vi presentere dei for resten av kyrkjelyden. Dette er ofte eit fint høve til å invitere med familie og kanskje fadrar til kyrkja, for å sjå sin konfirmant bli presentert.
Presentasjonsgudstenester i Ørsta kyrkje
Søndag 8. september kl. 11.00: Klassene 9A, 9B og 9C blir presentert
Søndag 22.september kl. 11.00: Klassene 9D og 9E blir presentert
Presentasjonsgudstenester i Vartdal kyrkje
Søndag 15.september kl 19.30: Konfirmantane i Vartdal sokn blir presentert
Presentasjonsgudstenester i Hjørundfjord kyrkje
Søndag 15.september kl 11.00: Konfirmantane i Hjørundfjord sokn blir presentert
Konfirmantane møter opp til gudstenesta byrjar, og kan gjerne sitje saman med familie/føresette. Konfirmantane blir presentert klassevis: Vi les opp kvar konfirmant sitt namn, dei stiller seg opp i trappa og det blir tent eit lys for kvar konfirmant.