Alle kan bli konfirmant i kyrkja! Velkommen uansett om du trur, ikkje trur eller er litt usikker. Det einaste kravet er at du er døypt innan konfirmasjonsdagen. Om du ikkje er døypt frå før, er det ikkje noko problem. Mange blir døypt i løpet av tida som konfirmant.
Påmelding til konfirmantåret 2024/2025!
No har vi sendt ut invitasjon til konfirmasjon til alle medlemmer som er fødde i 2010. Du er sjølvsagt velkommen til konfirmasjonstida sjølv om du ikkje er medlem enno.
I veke 23 (første veka i juni) hadde vi innskriving i kyrkjene. Her fekk neste års konfirmantar vite litt meir om det å vere konfirmant, og fekk ein smakebit på opplegget. Fleire av dei tilsette i kyrkja var på plass for å svare på spørsmål om konfirmasjon og konfirmanttid.
Dersom du ikkje hadde høve til å vere med på innskrivinga, kan du likevel vere med som konfirmant 24/25! Meld deg på no, ved å trykke på lenka under ("Påmelding som konfirmant 2025"), logge inn og fylle ut påmeldingsskjemaet. Dette må ein gjere saman med foreldre/føresette.
Korleis ser konfirmantopplegget vårt ut?
I konfirmasjonstida er du med på:
- Innskriving og registrering
- Avspark
- Presentasjonsgudsteneste
- Undervisningssamlingar knytt til
ulike tema
- Leir på Sunnmøre folkehøgskule i
Ulsteinvik
- Fasteaksjon
- Deltaking i gudstenester
- Konfirmasjonsdagen
Vi sender ut meir informasjon om konfirmantåret, både om opplegget, datoar og gruppeindelingar, i august. Vi kallar også inn til informasjonsmøte i slutten av august/byrjinga av september. Dersom du har spørsmål til opplegget, kan du kontakte oss. På desse sidene vil du finne meir detaljert oversikt over konfirmantåret 2024/25.
Kyrkja er eit mangfaldig fellesskap, og vi ønskjer at alle skal få ei god konfirmasjonstid. Om det er behov for individuell tilrettelegging, er det berre å ta kontakt.