Samtaletilbod
Gjennom livet er dei fleste av oss i situasjonar og livsfaser der vi treng nokon å snakke med. Diakonen og prestane er tilgjengeleg for samtale og tilbyr både heimebesøk, samtale på kontoret eller på telefon. Med oss kan du snakke om "alt mellom himmel og jord", det som er godt og det som er vanskeleg, det som har med trua å gjere og alt anna du er opptatt av! Vi er her for deg og ynskjer å lytte til dine erfaringar og dine tankar om livet. Kontaktinformasjon finn du nedst på sida.
Besøksteneste
Mange menneske i vårt samfunn kjenner på einsemd og saknar nokon å drikke kaffe, spise lunh eller berre prate med. Diakonen i Ørsta har besøksteneste, og kjem gjerne på besøk til dei som ønskjer det. Det kan vere regelmessig besøk, eller det kan vere nokre gongar, alt etter kva ein ønskjer.
Ønskjer du sjølv besøk, eller kjenner nokon som ønskjer det? Ta kontakt med diakonen!
Diakon i miljøet
Av og til har diakonen samtalar ute, som ho kallar "vandresamtalar eller diakon i milljøet" med folk som ho treff ute. Desse samtalane flyt lettare når ein er ute i naturen. Du kan treffe "diakon i milljøet" nokre fredagar.