Føremiddagstreff torsdag 27.3

Torsdag 27. mars er det klart for nytt føremiddagstreff!  Føremiddahstreffa er eit samarbeid med Ørsta Frikyrkje og Ørsta Indremisjon, er lokalisert på Frikyrkja og tek til klokka 1100.

Føremiddagstreff torsdag 27.3

Våren 2025 vil vi arrangere Føremiddagstreff ein torsdag i månaden. Alle som har lyst eller høve er hjarteleg velkomne til å vere med, anten det gjeld eldre og yngre pensjonistar, foreldre som er heime med born eller andre som har høve til å ta seg fri eit par timar frå sitt daglege gjeremål.

Det kan vere kjekt for alle å treffe gamle vener og bli kjent med nye, også på tvers av generasjonar. Vi synes at det er fint å ha ein møteplass på dagtid, derfor vil det sosiale vere ein viktig del av treffa. Det vert ei enkel song og andaktsstund kl.12.00. Utover dette vil vi ha rikeleg med tid til sosialt samvære og noko å drikke og ete. Er det nokon som vil ta ordet og fortelje ei god historie vert det også høve til det. 

Vi prøver å legge treffa slik at dei ikkje kjem i konkurranse med pensjonistlaget sine treff, babysong og Røde Kors sin eldrekafé. Det vert føremiddagstreff desse datoane våren 2025: 23.januar, 27.februar, 27.mars, 24.april og 5.juni. Vel møtt!

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"