Nytt semester med Ørsta kyrkjekor!

Vi ynskjer oss nye songarar!

Nytt semester med Ørsta kyrkjekor!

Komande onsdag er det oppstart for Ørsta kyrkjekor hausten 2024. 

Forrige semester vart avslutta med storkonsert i lag med Henning Sommero, i ei fullsett Ørsta kyrkje. Ein fantastisk flott konsert som ga oss inspirasjon og glede! Dette semesteret skal koret synge på fleire gudstenester, blant anna helgemesse og lysmesse for og nemne nokre. Vidare skal koret vere sentral aktør i ein salmekveld i Ørsta kyrkje, som ein del av 160-års jubileet for Ørsta kyrkje. Her blir det musikk av lokale tekstforfattarar og komponistar. Koret skal også ha ein eigen helgemessekonsert.

BLI MED!
Vi er eit kor på rundt 20 stk, men ynskjer oss gjerne fleire songarar. Vi oppmodar særleg menn til å vere med, men songarar på alle stemmer er velkomne. Vi øver kvar onsdag frå 19.00-21.00 i Ørsta kyrkje og første øving er komande onsdag. Ta gjerne kontakt med dirigent Marie Austrheim Riise dersom du har spørsmål eller lurer på om dette er noko for deg. Du er også velkomen til å møte opp på øving!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"