Før palmesøndag vert borna i 2017-kullet i Ørsta invitert til ei påskesamling, som vi har kalla "Livet." Her får vi høyre meir om det som hende i påska, vi lagar påskepynt og øvar på nokre songar til gudstenesta på palmesøndag.
Samling er laurdag 12.april kl 12-14 og søndag 13.april kl 11 (familiegudsteneste, der barnekora GLØD og MiniGLØD er med)
Meld deg på i linken under.
(7-åringane (i 2024: 2017-kullet) i Ørsta sokn var invitert til dette tiltaket for første gong første helga i advent 2024. Samlingane er sjølvsagt også opne for dei som ikkje er medlem i Den norske kyrkja!
Første samlinga har vi kalla "Lyset": Her skal vi ha ein liten juleverkstad laurdag 30.november kl 11-13, høyre ei forteljing om eit stort lys, og vi øvar til Lysmessa i Ørsta kyrkje søndag 1.desember kl. 18. Her blir 7-åringane med, saman med barnekoret GLØD, på ei spesiell og stemningsfull gudsteneste.)