Gudstenesta byrjar kl 1200 (Ikkje kl.1100, som det står i Møre-nytt i dag!)
Gudstenesta i friluft er eit samarbeid mellom Volda sokn, Hjørundfjord og Ørsta sokn, Ørsta indremisjon, Ørsta Frikyrkje og Volda Frikyrkje. Vi markerer Skaparverkets dag, i takksemd for heile Guds mangfaldige skaparverk! Kantor Marie Austrheim Riise og Leiv Arne Nydal (fiolin) står for det musikalske, medan sokneprest Espen Aarseth held preika. Ta gjerne med noko å sitje på, og kanskje ein nistepakke?!