Denne søndagen var det duka for dobbelt konfirmant-jubileum på Vartdal. Etter samankomst på laurdagen, samla konfirmantane seg i kyrkja på søndagen. Sokneprest Espen Aarseth leia gudstenesta og tala over bibelteksta om den fattige enka som gav det vesle ho hadde til Gud.
Konfirmant-jubilantane deltok med fortelling og mimring om korleis konfirmanttida hadde vore. Den gong måtte konfirmantane stå langs midtgongen i kyrkja og svare på spørsmål frå pensum frå presten. Men dei kunne fortelle at presten også hadde tipsa litt på førehand kva han kom til å spørre om, så dei skulle sleppe å vere så nervøse.
Navna på alle konfirmantane frå kvart kull vart lest opp og det vart og tent lys for dei som ikkje lenger er iblant oss.