Ørsta hornmusikk stiller trufast opp og speler både før arrangementet og til allsongen. Det vert song av elevar frå musikklinja ved Volda vidaregåande skule, appell ved sokneprest Arne Moltubak og sjølvsagt gang rundt treet. Ordførar Per Arne Sørheim står for sjølve tenninga. Det vert og høve til å gi ei gåve til Kirkens Nødhjelp sitt viktige arbeid over heile verda.
Etter at grana er tent er alle velkomne til lysmesse i Ørsta kyrkje kl.1800. Der vil både barnekoret GLØD, Ørsta kyrkjekor og 7-åringar i soknet ta del.
Velkommen til ein fin adventssøndag!