Matprat er eit samarbeid mellom Ørsta sokn og Ørsta indremisjon. Nokre laurdagar i haust inviterer vi til mat og fellesskap i kjellaren på bedehuset. Denne gongen serverer vi graut, saft og kaffi.
Laurdagsgrauten kjem på bordet kl 15, og det vert god tid til å prate i lag rundt borda. Målet er at dette skal vere samlingar for alle generasjonar, med plass til både små og store.
For å berekne kor mykje graut vi skal ordne til, treng vi påmelding i dette skjemaet eller på SMS til 905 95 410 innan laurdag kl 12!
Denne gongen held Kristian Myklebust ei kort familieandakt.
Velkommen til måltid og fellesskap!