Søndag 29. september kl 11.00 vert det gudsteneste i Vartdal kyrkje med innsettinga av ny sokneprest
Søndag 29. september kl 11.00 vert det familiegudsteneste med innsetting av Espen Aarseth som ny sokneprest. Kyrkjelyden vil også takke prest Constanze Lindner som skal over i ny stilling.
Det vert utdeling av bok til born i 1. klasse, og PopKorn er med og syng. PopKorn skal også ha konsert kl 18.00 i kyrkja same dagen.
Arne Moltubak er fungerande prost og vil stå for innsettinga.
Det vert kyrkjekaffi v/soknerådet etter gudstenesta
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.