Det nye arbeidsåret i full gang, også i kyrkjelyden. Vi markerer dette med ei familiegudsteneste for folk i alle aldrar no på søndag!
I gudstenesta vert det dåp og nattverd etter kort ordning, vi syng gode songar og salmar i lag og høyrer meir om Jesus som møter Marta og Maria. Etter gudstenesta blir det grilling og leikar utanfor kyrkja.
Vi håper at mange finn vegen til kyrkja denne søndagen, der ulike sider ved arbeidet i kyrkjelyden vert presentert etter gudstenesta. Kanskje går du i eit kor, ei foreining eller gruppe, og vil kome saman med nokre av dei? Kanskje er du nyskjerrig på kva som skjer i kyrkja utover hausten? Kanskje har du flytta til Ørsta, og ser etter eit fellesskap å høyre til i? Vel møtt til store og små!